21/02/2025
Me søkjer mekanikar!
Med stadig aukande arbeidsmengde treng me fleire på laget. Har du fagbrev som mekanikar lette kjøretøy, og har lyst å jobba med ein triveleg gjeng på Osterøy? Då vil me gjerne høyra frå deg.
Småbilverkstaden til System Trafikk er ein del av MECA-kjeden, og driv med service, reparasjonar og PKK på bilar og bubilar opp til 7,5 t. Me har i dag 3 driftige mekanikerar, men treng ein til på laget. Til stillingen ønsker me nokon som:
• Har fagbrev bilmekanikar lette kjøretøy
• Trivest å jobba både sjølvstendig og i team
• Er løysingsorientert og positiv
• Gjerne godkjent PKK-kontrollør, men dette er ikkje noko krav.
• Beherskar norsk både skriftleg og muntleg
• Førarkort klasse B
• Kan styrka teamet vårt både fagleg og sosialt
Me kan tilby:
• Gode lønns- og pensjonsbetingelsar (AFP)
• Ein trygg arbeidsplass i ei veletablert tariffbedrift.
• Gode forsikringar.
• Mulighet for vidareutvikling og kompetanseheving.
• Godt arbeidsmiljø med god takhøgde.
Om arbeidsgivaren
System Trafikk AS vart stifta i 2002 og held til på Osterøy i Vestland. 53 tilsette er fordelt på godstransport, administrasjon, terminal, tungbilverkstad og småbilverkstad. Me har fokus på trivsel og arbeidsmiljø, og har mange tilsette som har vore med frå starten. System Tafikk er Miljøfyrtårnsertifisert og Fair Transport bedrift. Me har fokus på at dei tilsette skal vera med å utvikla og forbetra eigen arbeidsplass.
Er dette noko for deg?
Send kortfatta søknad med CV til [email protected]
For meir informasjon om stillingen kontakt Steinar Stokke – Tlf: 40289171