26/08/2026
👋 Konstruksjonsfartøyet Island Evolution er snart klar for levering – ER DU MED?
Vi køyrer no i gang REKRUTTERINGA for det fyrste av to nybygg – ein unik sjanse til å verte ein del av eit nybyggingsprosjekt frå starten av! 💯 Her vil du vere med å etablere eit sterkt og solid team på eit av marknadens mest moderne subsea konstruksjonsfartøy ⛴️
Vi har behov for engasjerte medarbeidarar som ynskjer å bidra til sikker, effektiv og kvalitetsorientert drift frå fyrste dag. Skipet skal leverast i starten av januar 2027, og følgande stillingar må då vere på plass:
• Overstyrmann
• 1.Styrmann / DPO
• 1.maskinist
• 2.maskinist
• ETO
• Matros / Kranførar
• Forpleiningssjef
🫵 Kvifor velje Island Offshore?
📍Du får vere med på eit spennande nybyggingsprosjekt frå starten av
📍 Du får arbeide om bord på eit moderne fartøy med avansert teknologi
📍 Du får varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø
📍Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige betingelsar
📍 Du får oppleve eit sterkt fokus på sikkerheit, kvalitet og samarbeid
🌊 Er du klar for neste karrieresteg? Vi høyrer gjerne frå deg!
💻 Alle stillingsutlysingane ligg samla på heimesida vår, og der legg du også inn søknaden din:
https://www.islandoffshore.com/positions-in-scandinavia
Systerskipet Island Explorer vert levert i mars/april 2027. Separat rekruttering til dette skipet vil ta til seinare i haust.
Foto: Stian Størksen Clemensen