Tysnes Maskin AS

Tysnes Maskin AS Tysnes Maskin utfører:
Graving, Transport, Boring og Sprenging. Vi har veigrus, oppretting og pukk.

Før og etter frå eitt av dei meir krevjande partia i SanddalenDet er ikkje alltid bilete klarer å vise kor mykje arbeid ...
19/05/2026

Før og etter frå eitt av dei meir krevjande partia i Sanddalen

Det er ikkje alltid bilete klarer å vise kor mykje arbeid som faktisk ligg bak 😅

Her har traseen gått frå smal og utfordrande til opparbeidd veg med betre breidde og sikring.

Under arbeidet er det mellom anna teke hand om drenering, overvann, vatn og kloakk som kryssar vegen ved huset. Det er også lagt duk og geonett for å sikre stabilitet og bereevne over tid.

Her skal mange hundre vogntoglaster trygt forbi i tida framover.

Kjekt å sjå korleis det tek form etter mange timar i bakken 💪

Ny overgang på plass i SanddalenDen gamle overgangen var solid nok, men måtte bytast ut fordi breidda ikkje lenger tilfr...
15/05/2026

Ny overgang på plass i Sanddalen

Den gamle overgangen var solid nok, men måtte bytast ut fordi breidda ikkje lenger tilfredsstilte dei nye krava.

Denne veka kom dei nye kulvertelementa på plass 💪

Slike jobbar krev både planlegging, presisjon og godt samarbeid når store element skal på plass i elveløpet.

No byrjar det verkeleg å ta form på dei første 1200 metrane 🚜

God helg frå oss i Tysnes Maskin

Samløft av tunge element i traseen.Her blir det lagt ned nye kulvertelement som skal erstatta den gamle brua. Kvart elem...
10/05/2026

Samløft av tunge element i traseen.

Her blir det lagt ned nye kulvertelement som skal erstatta den gamle brua. Kvart element veg om lag 8 tonn, og blir løfta på plass ved hjelp av to maskiner i samspel.

Den nye løysinga gir betre kapasitet og tryggare kryssing av elva– tilpassa dagens krav til vegstandard.

Dette er arbeid som krev både planlegging og presisjon for å få alt på plass slik det skal.

Eit av dei meir krevjande partia langs traseen tek form.Her byggjer me opp vegen forbi eit parti med stor høgdeforskjell...
07/05/2026

Eit av dei meir krevjande partia langs traseen tek form.

Her byggjer me opp vegen forbi eit parti med stor høgdeforskjell mot terrenget på utsida. For å sikre stabilitet vert det lagt plastring med stein som held massane på plass og gir nødvendig bereevne til vegen.

Under plastringa ligg det drenering, og vidare oppbygging vil inkludera både duk og geonett for å skapa ein stabil og varig vegkropp.

Dette er arbeid som ikkje alltid er så synleg når vegen står ferdig – men som er avgjerande for resultatet.

Me kjem tilbake med meir når dette partiet er ferdig.

Kom mai du skjønne milde… ❄️😎I dag starta me med sludd og snø i Sanddalen.Men det går no framover likevel 👍
06/05/2026

Kom mai du skjønne milde… ❄️😎

I dag starta me med sludd og snø i Sanddalen.
Men det går no framover likevel 👍

Ikkje alle oppdrag er dei største – men dei er like viktige.Her har me grusa rundt eit hus og lagt jord klart for vidare...
30/04/2026

Ikkje alle oppdrag er dei største – men dei er like viktige.

Her har me grusa rundt eit hus og lagt jord klart for vidare arbeid, med fokus på godt fall og ryddige overgangar.

Arbeidet er utført av lærlingen vår 💪
Det viser godt kor viktig det er med praktisk erfaring og ansvar i kvardagen.

Med 8-tonnaren kjem me godt til også på slike oppdrag.

Våren og det gode vêret gjer dette til ei fin tid for slikt arbeid ☀️

Sanddalen-prosjektetArbeidet held fram – og no er me i gang vidare inn i utmarka.Etter at hogsten langs traseen er ferdi...
23/04/2026

Sanddalen-prosjektet

Arbeidet held fram – og no er me i gang vidare inn i utmarka.

Etter at hogsten langs traseen er ferdig, er bygginga av vegen ført vidare inn til det andre masseuttaket.

Her vert det bygd vidare lag for lag, med massar som vert tekne ut langs traseen.

Prosjektet går framover – og det byrjar å ta form også vidare innover i dalen.

20/04/2026

Frå fjell til ferdige massar

Her knuser og sorterer me steinmassar ved anlegget vårt på Hollekje.

Massane vert delte i ulike fraksjonar og brukte til mellom anna:

• veggrus
• singel
• pukk
• avretttingsmassar

Me leverer og legg ut etter behov.

📞 900 71 191
Send gjerne melding dersom me ikkje har dekning.

Ikkje alle oppdrag er storeHer frå eit mindre arbeid der me klargjer uteområde til eit arrangement seinare i år.Med mind...
17/04/2026

Ikkje alle oppdrag er store

Her frå eit mindre arbeid der me klargjer uteområde til eit arrangement seinare i år.

Med mindre maskiner tek me også oppdrag på:
• private eigedomar
• hytter
• mindre uteområde

Sjølv om me jobbar mykje i Sanddalen om dagen, har me framleis kapasitet til andre oppdrag.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

📞 900 71 191
Send gjerne melding dersom me ikkje har dekning der me jobbar.

12/04/2026

Sanddalen-prosjektet – skogsarbeid

Her felles og bearbeides skogen langs traseen for den nye veien i Sanddalen.

Når skogen er tatt ut kan arbeidet med videre veibygging fortsette.

Veien bygges for å gi bedre tilgang til skogen og legge til rette for effektiv transport av tømmer fra området.

Her arbeider me med legging av ny vassledning langs Sanddalsvegen.Arbeidet vert gjort for Lunde Vasslag og er ein del av...
10/04/2026

Her arbeider me med legging av ny vassledning langs Sanddalsvegen.

Arbeidet vert gjort for Lunde Vasslag og er ein del av utbygginga av vassforsyninga i området.

Adresse

Haugavegen 7
Tysnes
5690

Åpningstider

Mandag 07:00 - 22:00
Tirsdag 07:00 - 22:00
Onsdag 07:00 - 22:00
Torsdag 07:00 - 22:00
Fredag 07:00 - 22:00
Lørdag 09:00 - 21:00
Søndag 09:00 - 21:00

Telefon

4790071191

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Maskin AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del