12/11/2021
Tresfjord kulturveg
Ved Storurneset rett utanfor naustrekka på Kyrkje-Sylte i Tresfjord ligg den gamle ferdselsvegen som vart nytta langs fjorden. Dei seinaste åra har det vore gjort stor dugnadsinnsats i høve rydding av denne for å kunne etablere ein turveg til allmenn nytte. Dette er eit stort prosjekt, rikt på moglegheiter. Med utspring i eit ope folkemøte tidleg hausten 2021 vart det den 1. oktober 2021 halde stiftingsmøte for Tresfjord kulturveg. Laget har som føremål å etablere, drifte og vedlikehalde turvegen for allmenn ferdsel.
I folkemøtet kom det fram eit sterkt ynskje om å etablere ein heilskapleg turveg frå Tresfjord kyrkje og ut til Fagervika, og prosjektet er etter dette delt i tre parsellar. Dei seinare åra har det vore aukande aktivitet og bruk av området ved Syltenausta, med nyleg etablert badeplass for allmenn nytte, samt restaurerte og nyoppførte naust som vert flittig nytta. Runden rundt fjorden har vorte populært for syklistar og andre mjuke trafikantar, og heile kommunen kan samlast om omlandet som eit rekreasjonsområde. Denne positive utviklinga gjer trafikktryggingstiltak særs etterlengta, noko vi vonar at etableringa av kulturvegen kan vere ein del av.
Fyrste del av strekninga er langs den gamle ferdselsvegen, og strekkjer seg frå Storurneset og ut til Fagervik. Dette er ein parsell der store delar av strekninga kan setjast i stand med relativt små inngrep, og fylgje den gamle ferdselsvegen. Mykje av dette reknar vi med at vil kunne realiserast med dugnad, men lengst syd, inne ved Storurneset vil det vere naudsynt å etablere ny veg på fylling, då gamlevegen går inn under den nye hovudvegen.
Del to av prosjektet strekkjer seg forbi naustrekkja på austsida av fjorden. Her har vi skisse med tilhøyrande tverrprofilar som syner at det med relativt små inngrep kan etablerast ein gang- og sykkelveg langs nedre del av eksisterande vegbane. Strekninga har per i dag god breidde med breie grøfter, samstundes som stikkrennene bør gjerast noko med innan overskodeleg framtid. Dette gjer at vi har sett på moglegheitene for å flytte køyrebanane noko lenger mot skråningsfoten og eventuell djupdrenering med færre stikkrenner gjennom vegen. Her må vi sjølvsagt i dialog med fylket og Statens vegvesen, men like fullt ser vi ut frå tverrprofilane at dette er gjennomførleg og vil vere eit særs trafikktryggande tiltak.
Del tre av den samanhengande turvegen er frå Kråkelva og inn til Tresfjord kyrkje. Her er det etablert ein trase for gang- og sykkelveg, men denne manglar tilstrekkeleg toppdekke. På denne strekninga er det ynskeleg med asfaltering, velpleia bankettar og høveleg belysning, utan at sistnemnde skal by på nokon slags lysforureining. Kven vi skal samarbeide med for å skaffe midlar til denne delen av den heilskaplege turvegen er vi uvisse om, men vonar at eit samarbeid med fleire aktørar vil gjere realiseringa mogleg.
Kulturveg har vi valt som arbeidstittel på prosjektet, dette er med bakgrunn i dei kulturhistoriske opplevingane ein vil kunne få ved å ferdast langs vegen. Om ein startar inne ved kyrkja, kan ein knappast finne ein meir eigna stad som utgangspunkt for ei kulturhistorisk vandring langs fjorden. Langs fyrste del vil ein kunne sjå korleis Tressa har forma, og formar deltaet innerst i fjorden, før ein kjem forbi naustrekkja med sin særeigne og autentiske byggeskikk og arkitektur. Aktiviteten som har vore her var livsviktig for mange av innbyggjarane, mellom anna med notlag og bødkerverkstad. Ute ved Storurneset vil ein kome inn på den gamle ferdselsvegen, der det den dag i dag er ei rekkje urørde attraksjonar frå ei svunnen tid. Klokkarsteinen, Steinkaia, Vortesteinen og steinbrotet er berre nokre av dei særeigne opplevingane ein vil oppleve frå tidlegare tider. Vi ser for oss informasjonstavler og tilrettelagde rasteplassar som gjer turvegen til noko meir enn ein turveg, ein kulturveg. Heile strekninga må sjølvsagt ha ein slik standard at den er tilgjengeleg for alle, både kommunens innbyggjarar og tilreisande. Heile traseen må ha ei universell utforming, der alle må ha moglegheit for å kome seg nær og til sjøen for rekreasjon og friluftsliv.
Den 1. oktober 2021 vart laget Tresfjord kulturveg stifta, med målsetjing om å samle aktørar for realisering av kulturvegen. Omfanget på prosjektet gjer at vi vil trenge å samarbeide med fleire aktørar, men med moglegheitene den heilskaplege vegtraseen vil gje, så trur vi at vi saman vil kunne realisere kulturvegen innan overskodeleg framtid.
Ved stifting av laget vart det valt eit styre på fem faste medlemmar og to varamedlemmar. Med Ole Jostein Løvik og Børge Sylte som engasjerte varamedlemmar, Jan Arvid Sylte, Eldar Hoem og Krister Sundgot som styremedlemmar, Trond Solberg som nestleiar og Halvor Hovden som leiar. Laget vil slå eit slag for folkehelsa, kulturhistoria, trafikktryggleiken og samhaldet i kommunen vår, og ynskjer alle velkomne til å teikne eit medlemskap i laget. Tresfjord kulturveg er no registrert i Brønnøysundregisteret, og medlemskontingenten er satt til kroner 100,-. For å fylgje prosessen og eventuelt teikne medlemskap vil det opprettast ei eiga Facebookside der kontaktinformasjon vert publisert.
Vi vonar på eit godt samarbeid med alle instansar, og at vi saman kan gjere ein forskjell for folk og ei oppleving langs fjorden. Ser fram til nye medlemmar med tru på ferdsel langs land nær strand.
God tur!
Med venleg helsing Tresfjord kulturveg