18/03/2020
Informasjon og ekstra tenester til våre kundar i forbindelse med Corona-viruset!
Vi har døgnbemanning på taxi-tenesta og køyrer som normalt.
Vi bed om at våre kundar, som har fått, eller har mistanke om at de har fått smitten, om å ikkje nytte seg av taxi.
Dette er særs viktig å respektere, for å forhindre at våre sjåførar og køyretøy er med på å spreie smitte, då vi transporterar personar med nedsett immunforsvar og eldre.
Som nemnt over køyrer vi som normalt, praktisera ekstra tiltak i forhald til reinhald og desinfisera utsette overflater og kontaktpunkt i bilane fortløpande.
Vi bed og kundane om å setje seg bak, så langt det let seg gjere, for å minske smitte-risikoen.
Vi ynskjer å ta del i felles dugnaden i denne, utanom det vanlege, situasjonen vi er i.
Vi tilbyr difor fylgjande, itillegg til ordinær drosjedrift:
Hente / bringe ferdig pakka varer frå butikk til bustad for kr.150, ynskjer du at vi hentar varer / ferdigmat frå fleire stadar kjem eit tillegg på kr. 30 per ekstra hentepunkt.
Plukke varene i butikken for deg og levere dei til bustad kr. 250, ekstra handlepunkt kr. 50 / ekstra hentepunkt kr. 30 per punkt.
Bestillingar kan gjerast via telefon.
Prisen gjeld for sentrumsområda - Sentrum, Hol, Setrevegen m/ stikkvegar t.o.m. Markevegen, Bøe, Rise og Bruagrenda og Visnes.
Prisar utover nemnde område, ring for meir informasjon.
Minna om at du når oss på telefonnummer 57 87 23 50
Mvh
STRYN TAXI