Velkomen!✨ Velkommen til Noregs eldste hotell! I 2008 vart det bekrefta – Walaker hotell er Noregs eldste. I dag er det 9. Igjen – velkomne skal de vera!
Adresse
6879
Solvorn
6879
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Walaker Hotell legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Walaker Hotell:
Type
Our Story
Velkommen til Noregs eldste hotell! I 2008 vart det bekrefta – Walaker hotell er Noregs eldste. I dag er det 9. generasjon Nitter Walaker som styrer hotellet, som har vore i den same familien sidan 1690. Hotellet har også vore i drift lenger enn som så, men pålitelege kjelder har vore vanskeleg å finna frå før 1600-talet. Innerst i den mektige Sognefjorden ligg den pittoreske bygda Solvorn. Her er det stille og fredfullt, blant høge fjell og djupe fjordar. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og utsikten kan alle gjestene nyta godt av, både frå hagen, restauranten og dei fleste romma. Kva med å ta seg ein morgondukkert i fjorden etterfulgt av ein god, norsk bondefrukost med blant anna syltetøy frå hotellet sine eigne plommetrær? I restauranten vår serverar me kvar kveld ein framifrå 4-rettars meny med velkomponerte vinvalg satt saman av vårast smilande, dyktige og engasjerte ansatte. Hotellet har også sitt eige kunstgalleri, med to flotte utstillingar kvar sommar. Her heng det bilete frå både store, kjende namn så vel som litt mindre. Galleriet kan også freista med sine eigne møte- og selskapslokal for dei som ynskjer å ha eit kurs eller ein konferanse i litt andre omgjevnader. Visste du at du brukar minst like kort tid frå Oslo og hit, som til Bergen frå Oslo?? Området elles er kjend for mange sjåverdigheiter. Rett over fjorden finn du Urnes Stavkyrkje, som med historie tilbake til 1100-talet er vedras eldste. I tillegg har me fleire kjende isbrear i nærleiken, flotte fjelltoppar og flott natur, som ligg her og ventar på å bli brukt av alle turglade menneske. Igjen – velkomne skal de vera!