25/01/2016
Gunvor Eldegard (A) Holdt følgende innlegg i Stortinget tirsdag den 19. januar 2016: I Nordisk råd er transport og transport over grensene eit tema som engasjerer veldig mange. Det er faktisk det tema som det har vorte stilt flest spørsmål om. I Helsingforsavtalen omhandlar §§ 26‒29 transportsamarbeid. Det var fordi at ein meinte at i det nordiske arbeidet var og er ‒ vil eg seia ‒ transport ein viktig del av arbeidet.
Før var det faktisk eit eige ministerråd for transport. No har me hatt ein periode utan, og det er god grunn til å sjå på om me skal få til det på nytt, både grunna viktigheita av transport over grensene og grunnlaget for fri ferdsel både av menneske, varer og tenester. I meldinga er også transportsamarbeidet understreka. Me som har vore i næringsutskottet og i energi- og miljøutskottet, har hatt rapportørar. Det er Øyvind Halleraker frå energi og miljø og underteikna frå næringsutskottet som har vore rapportørar for transport.
No er eg flytta over til det nye utvalet for vekst og utvikling i Norden. Me kjem til å jobba vidare med transportsamarbeidet i det utvalet, bl.a. med «Åttemillionarsbyen Oslo‒Gøteborg‒København», og om korleis me kan få til ein betre hamnepolitikk. I dei to åra som eg har vore med i Nordisk råd, har me hatt ønske om å ha ein rundebordssamtale om transport med transportministrane i dei nordiske landa. Det er ganske pinleg at me framleis ikkje har fått til det. I debatten her i fjor utfordra eg samarbeidsministeren om det og bad ho ta det vidare, men framleis har ingenting skjedd. Den svenske transportministeren har møtt utvalet vårt to gonger, og i Helsinki til veka vil den finske ministeren møta oss. Den norske har enno ikkje teke seg tid til å møta oss, men me kan håpa at på aprilmøtet her i Oslo kan han ta seg den tida. Me kjem til å jobba vidare med rundebordskonferansen, og eg forventar ei større vilje frå regjeringa til å vera med på Nordisk råds arbeid her.
«Åttemillionarsbyen» er eit prosjekt som me ønskjer å jobba vidare med. Med betre togsamband mellom dei tre byane kunne me få ein felles arbeidsmarknad som ville gjeve utruleg store moglegheiter for det nordiske folket. Det er heilt greitt at ein har avvist høghastigheitsbane mellom desse byane, men det må vera mogleg å gjera andre ting. Når me byggjer nytt dobbeltspor til Halden, og Sverige skal byggja nytt mellom Stockholm og Gøteborg, burde det vore mogleg å tenkja at me kunne kopla desse spora saman. Samferdsleministeren har sett i gang eit arbeid med ei utgreiing om dette, og på Gøteborg‒Oslo-konferansen den 17. desember fekk me presentert det førebelse arbeidet til Jernbaneverket og det svenske Trafikkverket om kva ein kunne gjera med kapasiteten mellom Oslo og Gøteborg. No er det slik at rapporten ikkje skal leverast før i mars 2016, men førebels kom det fram – og berre hugs det, president ‒ at i dag kan ein køyra på 3 timar og 39 minuttar til Gøteborg. Det er ganske lang tid. Men i dei scenaria som dei presenterte, kunne køyretida i 2021 gå ned til 3 timar og 30 minuttar, i 2031 ned til 3 timar, og i 2050 kanskje til mindre enn 3 timar. Eg trur dei fleste som var på den konferansen og som har jobba mangfaldige år med Oslo-Gøteborg, følte at dette var som eit slag i ansiktet. Det er langt, langt ifrå godt nok.
Me som skal jobba vidare i Nordisk råd, jobbar òg vidare med transport, og eg ønskjer framleis å utfordra samarbeidsminister Aspaker, for dei nordiske parlamentarikarane er veldig interesserte i å jobba vidare med transport. Me ønskjer spesielt å få dei norske, svenske og danske ministrane i tale for å drøfta gode, framtidsretta transportløysingar som er effektive, sikre og miljøvenlege for Norden og Nordens nærområde. Eg ønskjer at ministeren kan bekrefta at ho vil jobba vidare med det.
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2015-2016/160119/