Aufera as

Aufera as Aufera AS er ei vekstbedrift med aktivitet i Austrheim, Fedje og Alver. Aufera AS er ei vekstbedrift med aktivitet i Austrheim, Fedje og Radøy.

Me tilbyr varig tilrettelagt arbeid, arbeidspraksis i skjerma verksemd, språkpraksisplass for flyktningar og praksisutplassering for elevar i vidaregåande skule. Er du jobbsøkjande, lurer du på om du kan vera aktuell som arbeidssøkjar hjå oss: Ta kontakt! Me har fått fleire nye store ordrar og treng fleire arbeidstakarar. Me tilbyr produkt og tenester innan kjøkken/produksjon av kortreist mat, transport, trearbeid og vaskeri. Ta kontakt for en hyggelig samtale på tlf :
55 60 24 72

Vi er på Landbruksdagen i Austrheimhallen 🎉 kom kom!
27/09/2025

Vi er på Landbruksdagen i Austrheimhallen 🎉 kom kom!

I morgon, folkens! Vi stiller, i år som i fjor, på Landbruksdagan på Austrheim. Den siste veka har vi førebudd alt vi sk...
26/09/2025

I morgon, folkens!

Vi stiller, i år som i fjor, på Landbruksdagan på Austrheim. Den siste veka har vi førebudd alt vi skal ha med, og kjem i morgon med alt frå tjukkelefser til julestjerner, frå syltetøy til knekkebrød. Og lefsene våre. Dei er alltid med 🥰🥰 Og mykje, mykje meir 😅

Felles for alt dette? Produsert av favorittfolka dine på Manger, og vi håpar at vi sjåast på Austrheim i morgon!

God helg, folkens!

Som vanleg, fredag og ei ny veke er til endes😅 I løpet av ei veke er me 26 menneske som arbeider på Aufera, og kvardagan...
19/09/2025

Som vanleg, fredag og ei ny veke er til endes😅 I løpet av ei veke er me 26 menneske som arbeider på Aufera, og kvardagane våre består av smått og stort, lått og løye. Det er vanskeleg å berre plukke ut 6 bilete som skildrer alt me har gjort, men sånn må det nesten bli🌸🌸

Me har laga uante mengder kaker, lefser og knekkebrød, pluss at Daniel har laga chili con carne til fredagslunsj, og det var sjukt godt.
På vaskeriet har Rune stryke arbeidsuniformar som Harald sirlig har bretta og gjort klar til utlevering av sjåførene våre på måndag.
Treavdelinga har starta så smått på juleførebuingane og Therese og Lilliann målar element til Aufera-julestjerna, medan dei feirar at 300 basarårer til Hordabø idrettslag er ferdige.

Livet er mangt og mykje, folkens. Heldigvis. No håpar me på sol neste veke, for då skal me måle hus for ein kunde. Kvifor ikkje, liksom? 🌞🌼😁

God helg, godtfolk! Helsing favorittgjengen din i Idrettsvegen ❤️

16/09/2025

Me på Aufera er stolte over at me i år igjen kan vere med på Smak av Nordhordland sine julegåvepakker, i samarbeid med mange andre flotte, lokale aktørar 🤩

For ei veke 😅😅 Medan vi gønnar på mot helga, er det smått og stort som gjenstår denne fredagen. Og så gøy det er! Treavd...
05/09/2025

For ei veke 😅😅
Medan vi gønnar på mot helga, er det smått og stort som gjenstår denne fredagen. Og så gøy det er!
Treavdelinga har levert Postman Pat-skilt, er du på veg mot Manger over Kviste, så ser du det der 🤩, og haustlyngen er på plass før gravstell byrjer neste veke.

På kjøkkenet har Annette og Monica laga både foccaccia-brød og tebrødstenger i dag, og vi har litt igjen! Vi har tre foccacciabrød klare om du treng noko godt til helga, samt tre tebrødstenger. Det er berre til å hive seg rundt, vi har opent til 15🥰

God helg, folkens! Det er meldt sol🌞🌞

I dag folkens, har vi hatt ein merkedag på Aufera. Svein, vår godaste bauta frå Fedje har hatt sin siste arbeidsdag hos ...
03/09/2025

I dag folkens, har vi hatt ein merkedag på Aufera. Svein, vår godaste bauta frå Fedje har hatt sin siste arbeidsdag hos oss og går over i pensjonistanes rekker. Han har arbeidd på Aufera sidan tidenes morgon, og vi har hatt markering med både tapas og kake, lys, gåver, tale, gode kollegaer og vener, og nokre tårer. Kongen frå Fedje sporta oppblåsbar krone, gullbukseseler og ein gullsløyfe, medan prinsane og prinsessane berre naut synet av jubilanten, og sporta litt enklare tilbehør😂😂

Me seier både GRATULERER MED OVERSTÅTT 67årsdag til Svein, og takk for dansen 🥰🥰

God fredag, folkens! Vi ryddar på treavdelinga og gjer plass til fleire store bestillingar.  I samband med dette køyrer ...
29/08/2025

God fredag, folkens!

Vi ryddar på treavdelinga og gjer plass til fleire store bestillingar. I samband med dette køyrer vi på med eit litta haustsal.

Skildring og pris står under biletet, men vi presiserer at OP ikkje føl med på kjøpet. Han vil vi ha på Aufera sjølv 🥰🥰🥰

Er du interessert i noko? Ring Roy på 56978892 eller send en epost til [email protected]

God helg🥰🥰

God fredag, godtfolk! Det gjekk heise fort i svingane i dag, så alle dei gode bileta forsvann litt for oss....MEN i morg...
22/08/2025

God fredag, godtfolk! Det gjekk heise fort i svingane i dag, så alle dei gode bileta forsvann litt for oss....

MEN i morgon er det torgdag på Manger 🌞 og vi skal sjølvsagt stå der med både lefser, tjukkelefser, eplekake, fersk ripsbærgelé og mykje andre godsaker me har laga sjølv, pluss litt produkt laga på Knarvik Industri og Miljø 🥰

Kom innom oss, om du har moglegheit! Gler oss til å sjå deg!

God helg frå flokken på Manger 🌸🌸

Vel overstått sumarferie,  godtfolk! Vi har deiga oss litt, bada litt og nytt sola, men så er kvardagen tilbake, også hj...
15/08/2025

Vel overstått sumarferie, godtfolk! Vi har deiga oss litt, bada litt og nytt sola, men så er kvardagen tilbake, også hjå oss (sjølv om kvardagsheltane på vaskeriet har halde koken heile juli) 🌸

Produksjonen går, folket består, me har tilogmed fått ein ny tilsett , så her er det berre jubel.

I går fekk vi plukke rips hjå ein lokal sambygding, så i dag lagar vi ripssaft, og gler oss over at kvardagen er fin, det er trass alt kvardagar vi har flest av🤩

?? Har du aroniabær/svartsurbær i hagen din? Då vil vi svært gjerne høyre frå deg! Vi nyttar det i gelè og vi vil gjerne plukke hjå deg om vi får lov. Vi betalar med ferdiglaga gelé ❤️

God helg, folkens! Velkommen innom til oss🍰🥧☕️🧁🍪🥗

Då, godtfolk🤩 Dei fleste av favorittfolka dine på Aufera går på ferie i dag, så då har vi kosa oss litt ekstra i lunsjen...
04/07/2025

Då, godtfolk🤩

Dei fleste av favorittfolka dine på Aufera går på ferie i dag, så då har vi kosa oss litt ekstra i lunsjen - Pluss at Lilliann har tatt på spanderbuksene og hamstra is til alle🥰🥰🍦🍦

Medan juli tutlar og går, så har både kjøkkenet og treavdelinga stengt, medan vaskeriet er ope og i full drift. Frysen er full av lefser og andre bakevarer, og på treavdelinga står eitt og anna produkt som kan kjøpast, om du treng❤️

Berre ring på dørklokka ved vaskeriporten, så kjem vi i full fart, uansett kva det måtte vere 😅🙋‍♀️

God sommar, folkens! Vi sjåast 4 august🌞🌸🌞🌞

Vyrde sambygdingar, i dag stengjer vi butikken/kafeen klokka 1130 grunna privat tilskiping. Skal du hente noko eller tre...
01/07/2025

Vyrde sambygdingar, i dag stengjer vi butikken/kafeen klokka 1130 grunna privat tilskiping.
Skal du hente noko eller treng noko som helst anna, som knekkebrød eller lefser, ring på ved vaskeriporten, så skal me hjelpe deg alt vi kan 🥰

I morgon har me opent som vanleg 🤩🌸🌞

Adresse

Idrettsvegen 1a
Manger
5936

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

55602472

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aufera as legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Aufera as:

Del