Kystvegen Måløy - Florø

Kystvegen Måløy - Florø Kystvegen Måløy - Florø AS, også kalla 45-minuttsregionen, vil knytte saman Vågsøy, Bremanger, Flora og Førde til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion.

Kystvegen Måløy – Florø AS ble etablert i juni 2011 med det formål å føre videre arbeidet med å få bygd en kystveg mellom Måløy og Florø, via Svelgen. Selskapet Kystvegen Måløy - Florø AS, og er godt forankra i regionen, og ei rekkje kommunar langs kysten er aksjonærar i selskapet:

Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Hareid, Herøy, Naustdal, Sande, Selje, Solund, Vanylven og Vågsøy. I tillegg er over 20 private bedrifter aksjonærar.

Gode vegar er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransedyktig og berekraftig, meiner Hroar Holm Ca...
18/07/2025

Gode vegar er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransedyktig og berekraftig, meiner Hroar Holm Carlsen, direktør ved Elkem i Svelgen ⛰🚗

Les saka her 👇🏼

 Gode vegar er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransedyktig og berekraftig, meiner Hroar Holm Carlsen, direktør ved Elkem i Svelgen. –

11/07/2025

Vi arbeider for ein moderne tidsmessig veg frå Måløy - via Svelgen - til Florø 🚗⛰

Dette er først og fremst viktig for nærigslivet i regionen, og det store transportbehovet dei har i området, men og for den vanlege kvinne og mann som ferdast i dette området, kor forbindelsen er dårlig🚗

Les meir om Kystvegen Måløy - Florø på våre nettside.

25/06/2025

Elkem vil bli i Svelgen – men då må samferdsla vere på plass! 🚗💨
Gode vegar 🛣️ knyter distrikta saman og gjer det mogleg å bu i t.d. Florø eller Førde, og likevel kome seg trygt og effektivt til jobb i Svelgen 💼🌄

🛑 – Strekninga Svelgen–Indrehus er spesielt krevjande og treng sårt betring, seier Hroar Holm Carlsen, direktør for Elkem Bremanger.

Tryggleik og trivsel for folk i kvardagen er viktig 🌄– Mange ønskjer i dag å få meir ut av fritida si. Ein raskare veg t...
04/06/2025

Tryggleik og trivsel for folk i kvardagen er viktig 🌄

– Mange ønskjer i dag å få meir ut av fritida si. Ein raskare veg til jobb betyr meir tid til å hente og bringe i barnehage og på fritidsaktivitetar, og til å vere til stades i kvardagen, seier Vassbotn.

Les meir om kvifor vi treng ein ny veg langs kysten og kva virkning det vil ha for næringslivet i Svelgen 👇🏼

 45-minuttsregionen arbeider for å realisere ein moderne og framtidsretta veg mellom Måløy, via Svelgen og til Florø. Målet er klart: betre samferdsle vil

22/05/2025

Ein samanhengande region treng betre vegar 🛣

Ein ny og tryggare veg mellom Måløy, Svelgen og Florø vil styrke kvardagen for både næringslivet og dei som bur og jobbar i området 🌊⛰

📽Sjå videoen – og kvifor vi treng 45-minuttsregionen.

Steinvik

22/06/2022

Nedslåande vedtak

Fylkestinget gjorde 21. juni eit vedtak som er nedslåande for alle oss som ønsker ein ny kystveg frå Måløy via Svelgen til Florø., uttaler styreleiar Reidar Sandal . Regional transportplan for dei kommande elleve åra var til behandling i fylkestinget i Rosendal i går.

Fylkespolitikarane vedtok at ein « … ikkje (ser) korleis ein skal klare å løfte dette prosjektet innanfor rammene til fylkeskommunen». Det er fv. 614 Svelgen – Indrehus som her blir omtalt.
Fylkestinget vedtok dessutan følgande: «Fylkesdirektøren vert bedt om å legge fram ei sak der ein ser på evt. etappevis utbygging/utbetring, inkl. eksterne finansieringskjelder som ferjeavløysingsmidlar og anna bidrag».
Dette må forståast slik at ny utgreiing skal settast i gang med ukjent resultat. Det gjer meg uroleg for den vidare lagnaden for kystvegen, seier Reidar Sandal.

– Eg er frykteleg skuffa. Vi treng denne vegen, seier Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde. Ho er svært oppgitt etter tysdagens fylkestingsmøte, der Svelgen – Indrehus vart nedprioritert til fordel for ei ny kystveg-utgreiing.

Bremanger-ordføraren var til stades på fylkestinget som tilhøyrar, saman med Kinn-ordførar Ola Teigen og Kystvegen-styreleiar Reidar Sandal. Førde hadde eit håp om at Kystveg-parsellen Svelgen – Indrehus skulle bli prioritert vidare, men måtte reise heim tomhendt etter eit fleirtalsvedtak i regi av Høgre.
– Eg er kjempeskuffa, seier Anne Kristin Førde (Ap) til Firdaposten.
– Vi har jo skjønt teikninga, vi har fått signal om dette. Vi hadde likevel eit håp om å kunne snu det. Men det gjekk ikkje, dessverre. Eg er redd dette vedtaket vil føre til ei trenering, seier ho.
Argumenta som vart brukt på fylkestinget er at det ikkje er nok pengar til eit så kostnadskrevjande prosjekt som Svelgen – Indrehus, og at ei brukryssing i ytre Nordfjord har større effekt og vil få meir trafikk.
– Så då startar ein heller med ei ny utgreiing enn eit gryteklart prosjekt. Eg er oppgitt. Og ikkje berre litt.
Då ho såg kor det bar, håpa ho at Frp sitt vedtak skulle få gjennomslag. Det var meir konkret, sjølv om det handla om å prioritere bru i ytre Nordfjord heller enn Svelgen-Indrehus. Men fleirtalet gjekk for ei ny kystvegutgreiing:
– Mange lova mykje
Samstundes som ho er svært skuffa er ho glad for at ho var til stades på møtet og fekk høyre kva som vart sagt frå talarstolen.
– Alle som var framme omtalte Kystvegen som «eit så viktig prosjekt», for ein felles bu- og arbeidsmarknad i regionen, for næringslivet, og for rundt 50.000 menneske. Og dei sa dei hadde så dårleg samvit. Men likevel så tar dei ikkje med Svelgen-Indrehus, poengterer ordføraren.
Førde seier det var mykje som vart lova munnleg frå talarstolen, og ho kjem til å minne fylkespolitikarane på kva dei har sagt.
– Vi kjem ikkje til å gi oss. Vi lyt berre brette opp ermene og kjempe vidare. Vi som er i styret i Kystvegen får sette oss ned og sjå kva vi skal gjere vidare, avsluttar h

11/04/2022

Konferanse

Kystvegen Måløy - Florø AS arrangerer konferanse 21. april på Parken kulturhus, Raudeberg. Søkelyset blir sett på det klare behovet for å få bygt ein moderne, tidsmessig veg frå Måløy via Svelgen til Florø.

Innleiarar blir Erling Sande (leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget), Helge Hopen (Siv.ing. Helge Hopen AS), Jannicke Bergesen Clarke (leiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune), Magnhild Myklebust (leiar for plan og forvaltning i Bremanger kommune), Øyvind Bang-Olsen (plansjef i Kinn kommune) og Reidar Sandal (styreleiar i Kystvegen Måløy - Florø AS).

I tillegg til innleiingane blir det god tid til spørsmål og kommentarar frå møtedeltakarane.

Konferansen startar kl. 10 og blir avslutta kl.15.

Du er velkommen til å delta. Meld deg på til Reidar Sandal på e-post ([email protected]) eller pr. telefon (91 62 83 87).

Eit folkekrav at kystvegbygginga startar no– Halvparten av folket i nordfylket vil nyte godt av å utvikle bu-og arbeidsm...
16/11/2020

Eit folkekrav at kystvegbygginga startar no

– Halvparten av folket i nordfylket vil nyte godt av å utvikle bu-og arbeidsmarknadsregionen som Kystvegen skal knyte saman. Det er ikkje akseptabelt at prosjektet no blir utsett på ubestemt tid.

Det påpeikar styreleiar Reidar Sandal i pådrivarselskapet Kystvegen Måløy-Florø. Alarmklokkene ringer høglytt no etter at fylkesrådmann Rune Haugsdal har foreslått ei symbolsk startløyving for fv. 614 Svelgen - Indrehus først i 2024. Finansutvalet skal handsame saka 19. november. Endeleg vedtak skal gjerast i fylkestinget i desember.

Tryggleik viktigast
Sandal har alliert seg med Elkem Bremanger og direktør Arne Werge-Olsen for å synleggjere kor elendige vegtilhøva er på fv. 614 mellom Indrehus og Svelgen. Særleg ille er den smale passasjen ved Tennøysundet. Den gamle vegen kviler delvis på ein natursteinsmur og er delvis innskoten i fjellet i den bratte fjellskrenten som går rett i havet. Her kan to lastebilar ikkje passere kvarandre.

Werge-Olsen meiner gjennomføring av kystvegparsellen Svelgen – Indrehus er avgjerande for å betre tryggleiken for tilsette og andre pendlande.

(Utdrag frå oppslag i Firdaposten 6.11.2020)

Endringar i styretPå generalforsamlinga 4. mai 2020 blei det valt nytt styre i selskapet. Anne Kristin Førde, ordførar i...
04/05/2020

Endringar i styret
På generalforsamlinga 4. mai 2020 blei det valt nytt styre i selskapet. Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger kommune, (bildet) blir nytt styremedlem.
Dei tidlegare ordførarane Kristin Maurstad, Audun Åge Røys og Håkon Myrvang går ut av styret.
Styret blir redusert frå ni til sju medlemmer.
Det nye styret får slik samansetting: Styreleiar: Reidar Sandal, styremedlemmer: Anne Kristin Førde, Ola Teigen, Olve Grotle, Jorunn Frøyen, Hans-Petter Selstad og Stein Kvalsund.
Generalforsamlinga hadde brei deltaking frå aksjonærane.

Løyving til kystvegenVestland fylkesting har for 2020 vedteke ei løyving på 3,1 mill. kr til ny fv. 614 Svelgen - Indreh...
18/12/2019

Løyving til kystvegen
Vestland fylkesting har for 2020 vedteke ei løyving på 3,1 mill. kr til ny fv. 614 Svelgen - Indrehus. Midlane skal brukast til å utarbeide reguleringsplan for prosjektet.
I investeringsbudsjettet er det vidare sett av store midlar for 2021, 2022 og 2023 til anleggsarbeidet. Kystvegselskapet håper at den avgjerda også står seg til våren når fylkespolitikarane skal ha ei ny vurdering av heile investeringsbudsjettet.
Vi skal gjere det vi kan, for at vegen og tunnelen kjem under anlegg snarast mogleg, uttaler styreleiar Reidar Sandal.

Adresse

Måløy

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kystvegen Måløy - Florø legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kystvegen Måløy - Florø:

Del