21/05/2026
🔋 Visste du at feilsorterte batteri er ei av dei vanlegaste årsakene til brann på gjenvinningsanlegg?
Sjølv brukte batteri har litt energi igjen, og dersom polane kjem i kontakt med metall eller andre batteri kan det oppstå varme og i verste fall brann. Difor er det viktig å aldri kaste batteri i restavfallet.
👉 Teip polane på brukte batteri
👉 Oppbevar dei i ein eigen behaldar heime
👉 Lever dei gratis i butikk eller på gjenvinningsstasjon
Små grep gjer ein stor forskjell – både for tryggleik og miljø 🌍♻️
Les meir her: sortere.no/batterier og på https://www.simas.no/aktuelt-artiklar/batteri-teip-syltetyglas-sant