Hardbakke Båtlag

Veibeskrivelse

Hardbakke Båtlag Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Hardbakke Båtlag, Havn, Hardbakke, Hardbakke.

Har du båt, eller berre dreg du på sjøen i tankane?Bli med i båtlaget og kjenn på samhaldet, dugnadsånda og gleda ved å ...
13/03/2025

Har du båt, eller berre dreg du på sjøen i tankane?
Bli med i båtlaget og kjenn på samhaldet, dugnadsånda og gleda ved å ha ein aktiv båt- og kystkultur rundt deg! Me jobbar saman om brygger, kaier og eit nyoppussa klubbhus – alt for at du skal få mest mogleg ut av opphaldet på sjøen. Meld deg inn og bli ein del av fellesskapet vårt!

Frå Årsrapporten står mellom anna:

Klubbhuset er ferdig!
Ein stor takk til Atle Avløyp og byggmeister Sigurd Kråkås for innsatsen som har gjort at me no har ferdigattest på klubbhuset.

Nytt prosjekt: Kaifronten
Ei gruppe på tre personar, leia av Arne Røed, arbeider med å byggje kaifront på dugnad. Materiale er kjøpt inn, fundamentet er støypt, skinner og bjelker er på plass. Me satsar på å legge tredekke ferdig til våren.

Vedlikehald på bryggene
Det er montert nummerskilt på båtplassane, justert breidde (som gav ein ekstra plass), skifta kjettingar og sjaklar på Valen, og sett opp nye landfeste i Hardbakkevika.

Dugnad
Det er rydda avfall, slått gras og kratt, og totalt er det utført 691 timar dugnad. Tusen takk til alle som har bidrege!

25/09/2024
Ledige Bod- og Båtplassar til SalsEr du på jakt etter trygg båtplass eller ein praktisk bod til oppbevaring? Hardbakke B...
25/09/2024

Ledige Bod- og Båtplassar til Sals

Er du på jakt etter trygg båtplass eller ein praktisk bod til oppbevaring? Hardbakke Båtlag har no både båtplassar og boder til sals!

Båtplassar: Me har ledige båtplassar i vårt moderne anlegg. Plassane har tilgang til både vatn og straum, og er godt eigna for båtar i ulike storleikar. Med sentral plassering og god infrastruktur, er dette ei trygg investering for båteigarar.

Boder: Har du behov for ein trygg stad å oppbevare båtutstyr eller anna? Me har romslege boder til sals, ideelle for langtidslagring gjennom heile året.

Viktig informasjon: Når du kjøper båtplass eller bod, betaler du eit innskot. Dersom du seinare vel å selje tilbake plassen eller boden, får du tilbake innskotet. Dette gir deg tryggleik i investeringa di.

Sikre deg plass eller bod i dag, og bli ein del av det gode miljøet i Hardbakke Båtlag!

Kontakt oss for meir informasjon: 97184451

Adresse

Hardbakke
Hardbakke
6924

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hardbakke Båtlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori