09/12/2021
1.000 takk folkens!
No har me runda eit fint tal med over 1.000 følgjarar og me er glade for alle! Me har fått mange gode ord om arbeidet vårt med å laga turer og opplevingar for firma og grupper av alle slag i heile regionen, og me får stadig nye telefonar frå folk som vil bidra på ulikt vis. Seinast i dag fekk me kundelistene til ein lokal aktør som har lagt ned men som gjerne vil at desse kundane skal bli våre. Dette gjer oss audmjuke!
Me liker å leike med tal, så her kan du sjå kven som følgjer oss:
Me har flest følgjarar frå Bergen (25%) med Alver (16%), Fedje (12%), Austrheim (10%), Oslo (2,5%) og Øygarden (1,9%) nedover på lista.
Dei fleste som føl oss bur naturleg nok i Noreg, men me finn også følgjarar på Madagaskar og i Sverige (0,5% i båe land) og Australia, Filippinene, Sør-Afrika og Danmark (0,2% i alle land).
56% av følgjarane er kvinner.
53% er frå 35 til 54 år gamle.
0% er firbeinte.