BalkanfestEvanger

BalkanfestEvanger Det vert diverre ikkje fleire Balkanfestar på Evanger. Festivalen vart avvikla hausten 2016. Kveldskonsertane er berre for dei over 18år.

Praktisk info om Balkanfest
Festivalområdet:
Festivalen føregår i den sjarmerande trehusgata midt i Evanger. Her står musikarane på scenen, her dansar du til musikken og finn nye vener, her lagar og serverar me maten du kan du kan eta deg mett på, her bur festivalgjester og artistar. Mykje av festivalområdet er i telt, så du treng ikkje vere redd for å verta våt, men me har ikkje varme i telta, s

o ta med ein varm gensar, om du ikkje er av dei mest danseglade. Det er ikkje høve til å ta med mat og drikke inn på festivalområdet, verken på dag-eller kveldstid. Overnatting:
Det vert laga til enkel Festivalcamping og sovesal. Overnattingstilbodet i sentrum er mest truleg fullbooka for lengst, men Mestad Camping (4km) og Granli Gard (12km) sel festivalpakker. Mat:
På festivalområdet sel me tradisjonelle kjøtrettar og kaker frå Balkan, samt øl, vin og ulike typar brus og alkoholfritt.. Fredag er det litt begrensa utval i matdisken. Sal av festivalfrokost både lørdag og søndag. Transport:
Det går Festivalbuss til Voss både fredag og laurdag kveld kl.01.15. Billett til denne kjøper du i billettbua. Bruk gjerne offentlege transportmiddel. Både buss og lokaltog stoppar på Evanger, 250m frå festivalområdet:
Togrute Voss-Evanger Togrute Evanger-Voss Togrute Bergen-Evanger Togrute Evanger-Bergen
Bussruter Bergen-Voss/Voss-Bergen )

26/08/2016

Kjære Balkanfest vener ❤
Styret kallar inn til omframt årsmøte då me har framlegg om å avvikle festivalen.

Det er ei tid for alt...
Det har vore sju fantastiske Balkanhelger på vesle Evanger. Me har hatt band og gjester frå fjern og nær inn i gato vår. Det har osa av sydlansk stemning (trass i mykje regn!), nye rytmar og dansetrinn, og nye smakar har me lært oss å kjenne. Mange har stilt opp på dugnad og jobba timesvis, noko me set umåteleg stor pris på.
Det har rett og slett vore eit sant eventyr 😙
Likevel har det gått mykje tid og krefter, og alt arbeidet har vore gjort på dugnad. Økonomien til festivalen er god, men motivasjonen er dalande for å gå igang med ein ny festival neste år.

Omframt årsmøte er satt til 26.september kl.19 på Patina.
Alle er velkomne.

06/07/2016

Førdefestivalen er igang med eit mangfaldig og flott program! Mahala Rai Banda som var på Evanger i 2013 spelar på fredag. Det blir garantert forrykande musikk og elleville takter :)
Me ynskjer lukke til med festivalen!

Feststemt sigøynarbrass frå rumenske forstadar Det 11-manns store bandet sin miks av hardcore balkanbrass, ispedd ein dose fele og trekkspel, MÅ opplevast. Dette er lyden av sigøynar roots anno 2016. Her fornemmer du hovudgatene i Bucuresti, rumensk folkemusikk, litt dub og soul, og ein touch av tyr...

Årsmøte er gjort, ein fin gjeng og plenty med kaker til alle 😊Balkanfest 2015 er klart den beste til no og me går på med...
05/04/2016

Årsmøte er gjort, ein fin gjeng og plenty med kaker til alle 😊
Balkanfest 2015 er klart den beste til no og me går på med friskt mot til neste festival 25.-27.august 2017.
Styret består av dei fleste som før, Jørn, May, Einar, Tihomir, Britt og Hilde. Ny i styret er Nevenka- velkomen til ho. Takk til Rebecca for gode inputs og ein flott jobb bl.a i billettbua 👍
Då er det berre å glede seg 1 1/2 år til 👌👌
PS. Ved neste bildetaking må me ha ei selfiestang 😉

28/01/2016

Vi spelar allt från smäktande sångmelodier till medryckande tvåtaktslåtar och orientaliskt sväng. Alla instrument välkomna.

06/01/2016

Balkanfest ynskjer ei riktig god jol til alle som feirar den i desse dagar! ..og vel overstått til oss andre ;-)

Ein flott festival i periferien vert lagt ned. Festivalar gjer seg ikkje sjølve, tommel opp for alle dugnadsarbeidarar!
29/10/2015

Ein flott festival i periferien vert lagt ned.
Festivalar gjer seg ikkje sjølve, tommel opp for alle dugnadsarbeidarar!

– Vi har jobbet dugnad i ti år og organisasjonen begynte å bli sliten.

12/09/2015

Den beste integreringa er gratis Aina Andreassen, 2. kandidat, MDG Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Publisert 11.09.2015 kl. 16.21. Under den innvandringspolitiske debatten 27. august, nemnde det politiske panelet norskkurs, samfunnslære, barnehage, utdanning og arbeid som dei viktigaste…

Ein kjekk video frå svenskane  Tusen takk for ein super konsert!
03/09/2015

Ein kjekk video frå svenskane Tusen takk for ein super konsert!

Tibble Transsibiriska - Jag går ner på puben - Live Balkanfest Evanger 2015-08-29

Ein observant støttespelar og grønsaksleverandør har funne bevis for at Balkanfest ikkje berre kan garantere regn, men M...
31/08/2015

Ein observant støttespelar og grønsaksleverandør har funne bevis for at Balkanfest ikkje berre kan garantere regn, men MESTregn. Evanger var våtast i landet i går.

31/08/2015

Hei folkens

Veldig god og effektiv nedrigg og ryddeøkt i går. Supert!Hovudsakleg "berre" å riva dei 2 store telta att i kveld.
Me har ein del fråfall i riggegjengen pga sjukdom og jobb, så dersom nokon har lyst å hjelpa litt med rivinga av telta, så er de hjarteleg velkomne kl.18. Kaffi og kaker utloves! :-)

Nok ein regnfull festival er over, men kva gjer det når folk kjem likevel og er blide og positive 😄 De er fantastiske!! ...
30/08/2015

Nok ein regnfull festival er over, men kva gjer det når folk kjem likevel og er blide og positive 😄 De er fantastiske!! Det har vore ei fabelaktig helg med strålande konsertar og ikkje minst god mat🔶⚪⚫
Håpar me ser dykk att om 2 år👍❤

30/08/2015

Regnet ausar ned, men folk strøymer på til konsert med Bergen Big Band og Gabriel/Fliflet kl 13 😀 Det blir knall 👍

Adresse

Knute Nelsongate 13
Evanger
5707

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BalkanfestEvanger legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del