01/03/2026
— Det er viktig for oss kvinner, og folk generelt, at me prøver å heie kvarandre fram, tipse om interessante stillingsannonsar og motivere kvarandre til å ta leiande stillingar, seier Erle Mæland Aasheim.
Framleis er det færre kvinner i leiarstillingar i Noreg, og få kvinner ønskjer leiaransvar. Erle er ei av dei som har valt det motsette.
8. mars tar ho og fire andre kvinner plass i panelet når me inviterer til kvinnedagsmarkering for å drøfta nokre av utfordringane kvinner i Noreg står overfor i dag, både i arbeidsliv, helse og i heimen.
MANGE billettar er selde allereie - sikra deg plass du også, 8. mars, kl 18.00 på Fugl Fønix Hotel:
Billettar kjøper du her:
https://tikkio.com/events/62221-kva-skal-me-gjere-med-det
Les meir her: https://medvind24.no/arrangement/kvinnedagen-2026-kva-skal-me-gjere-med-det-125626
Arrangørar: Omega 365 Design Medvind24 Fikse Næringsforening
Erle Mæland Aasheim (42) har kombinert familieliv og toppjobbar gjennom fleire år. Ho oppmodar kvinner til å ha tru på seg sjølv og hjelpe kvarandre til å lykkast både på jobb og fritid.