08/12/2025
8. desember 🎄✨
HALLINGDAL LYD – Kristian K. Holm
Kva fekk dykk til å seie ja til å ha nokon i praksis?
– Det er tredelt:
1. Ta eit viktig samfunnsansvar
2. Gjere eit positivt bidrag for den aktuelle praksiskandidaten
3. Det berikar bedrifta på mange måtar. Me får nye impulsar og perspektiv på kvardagen, og me blir meir medvitne på kommunikasjon og tydeleg plan for oppgåveløysing
Har det vore ei positiv oppleving å vere praksisbedrift? Kvifor/kvifor ikkje?
– Ja, det har det vore. Det kan til tider vere krevjande med kommunikasjon og av og til også kulturforståing, og det er mykje detaljar som tek tid å lære, så det kan av og til bli litt frustrasjon med stadige repetisjonar av lærdom. Men det positive bidraget vår praksiskandidat kjem med – både med ein lun, humoristisk, hyggeleg og positiv personlegdom og god arbeidskapasitet – veg opp for det. Så summen er overvegande positiv.
Har du ei god historie du vil dele? Språkforvirring? Noko gøy, fint eller rart?
– Deltakaren skulle vaske noko utstyr. Me lista opp alt han trong for å utføre jobben. Så spurde eg om det var noko meir han trong. Då svara han raskt: «Ja, eg treng musikk!»
Ål introsenter takkar for det gode samarbeidet!