20/04/2017
Bømling slo Bømling konkurs stod det i lokalavisa etter at Optiship AS vart slått konkurs av Salt Aquaservice 23 februar. Det er i dekninga av saka fleire ting som ikkje er kommen fram. Optiship og Salt Aquaservice inngikk eit spenstig samarbeid for å tilby H2O2 behandling til havbruksnæringa. Under heile samarbeidet har eigar av Salt Aquaservice endra på vilkår og fremgangsmåtar, noe som gjorde samarbeidet vanskeleg og utfordrande. Likevel klarte vi å utføra mange gode oppdrag for kundane våre. Etterkvart vart vi nok for tunge for Salt Aquaservice som ville ha marknaden for seg sjølv, og få vekk ein konkurrent. Salt Aquaservice underslo verdiar frå Optiship tilvarande 3,4 millionar kroner, før selskapet tok oss til skifteretten og slo oss konkurs. I etterkant av konkursen har Salt Aquaservice overtatt deler av kontrakten Optiship hadde med Stordbase for Hywind prosjektet. Dette underbygger det faktum at vi ble rydda vekk da vi ble ein for stor konkurrent.
I samråd med vår advokat ansåg vi Optiship som sufficient, og skulle difor ikkje bli slått konkurs, dette vant vi ikkje fram med i retten, og vi opplever dommen som uriktig, men står overfor ein prosessmessig risiko ved anke, og har difor etter råd frå vår advokat latt anken ligge.
Optiship bygde sine verdiar på mannskapet som var tilsett og på å levere tenestar til kunden som vi var stolte over. Disse verdiane tar vi nå med oss vidare mens vi bygger opp nytt selskap. Dette er verdiar vi ikkje kan måle i kroner og øre, men mennesker som hadde ein god arbeidsplass og som var stolte over det arbeidet dei utførte ombord i Optiship sine fartøy.
Vi kommer snart igjen...