21/08/2026
⚓️ Vi gratulerer Dag Inge Leiren med den kommende utgivelsen av boka SANDFLÅTEN – Fjordafart med dunkande motor og grått gull i lasta. Boka tar vare på en viktig del av historien fra Osterfjorden og kystkulturen vår for framtidige generasjoner.
Vi gleder oss til utgivelsen og ønsker lykke til med lanseringen📖⚓️🚢
SANDFLÅTEN - NY BOK OM FRAKTEBÅTAR OG SANDFART!
Tenk deg ein flåte av fraktebåtar lasta til ripa med grått gull frå Osterfjorden.
I dette praktverket tek Dag Inge Leiren oss med på ei nær komplett reise gjennom sandfartøya si historie i Osterfjorden. Han presenterer heile 191 fraktefartøy kronologisk frå 1900 og fram til i dag. Boka følgjer kvar båt «frå vogge til grav» gjennom skiftande eigarar, nye namn og heimehamner langs vår langstrakte kyst. Her er både kvardagar og dramatiske forlis. Felles for alle fartøya er fartstid i Osterfjorden, men folk langs heile kysten vil finna att kjente og kjære båtar frå ei svunnen tid.
Boka gjev elles eit viktig innblikk i sandfrakta og rommar ei rekkje personlege historier, sitat, dikt og songar. Dette er ei skattkiste for alle som er glade i skipsfartshistorie og vår nære fjord- og kystkultur!
Dag Inge Leiren (f. 1973) vaks opp på Stamnes med djupe røter i sandfartsmiljøet. Han har samla inn historisk materiale og bilde gjennom fleire tiår. Leiren gav i 1993 ut boka "Fraktebåtane i Stamnes 1901-1993".
Viss du ikkje har lese fjorårsuksessen SANDFOLKET av Inge og Jarle Kallestad, så tilrår me å bestilla begge bøkene no når du har sjansen!
Førehandsbestill Sandflåten i dag og få:
🔥 GRATIS FRAKT (Gjeld berre i førehandssalet!)
🔥 Ei praktbok på 288 sider i stort format
🔥 Rikt illustrert med unike historiske og nye foto
🔥 Boka blir sendt ut rundt 23. september 2026.
👉 Du sikrar deg årets bok SANDFLÅTEN her:
https://leirfuglen.webnode.page/p/sandflaten/
Her kan du lesa om SANDFOLKET og andre bøker frå forlaget: https://leirfuglen.webnode.page/