Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund

Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund Sunnmøre Lokallags informasjonsside om Fibromyalgi og lokallagets aktiviteter, så som medlemskvelder, turer og arrangementer.

Nokre av dei modigaste menneska eg veit om,kjempar kampar ingen kan sjå.Kvar dag balanserer dei mellom håp og smerte,mel...
13/06/2026

Nokre av dei modigaste menneska eg veit om,

kjempar kampar ingen kan sjå.

Kvar dag balanserer dei mellom håp og smerte,
mellom det dei ønskjer å få til og det kroppen tillèt.

Likevel held dei fram.

Eitt steg.
Ein dag om gongen.

For styrke handlar ikkje alltid om
kor mykje du klarer.

Nokre gonger handlar det om
å halde fast i håpet
når alt kjennest tungt.

- KMØ -

Mange menneske med kronisk sjukdom blir ekspertar på å smile gjennom smerte, møte opp utslitne og skjule det som eigentl...
20/05/2026

Mange menneske med kronisk sjukdom blir ekspertar på å smile gjennom smerte, møte opp utslitne og skjule det som eigentleg skjer.

Ikkje fordi dei har det bra.

Men - fordi dei føler at dei må.

Nokre gonger er dei sterkaste menneska dei som ber på dei mest usynlege kampane.

💜 12. mai – Internasjonal fibromyalgidag 💜I dag ønsker vi å setje ekstra lys på alle som lever med fibromyalgi – ei usyn...
12/05/2026

💜 12. mai – Internasjonal fibromyalgidag 💜

I dag ønsker vi å setje ekstra lys på alle som lever med fibromyalgi – ei usynleg sjukdom som ofte krev meir styrke enn omverda ser.

Kvar dag står mange i ein kamp mot smerter, utmatting og utfordringar som ikkje alltid kan forklarast med ord. Likevel møter vi kvardagen, tek vare på familie, arbeid, vennskap og små og store oppgåver – så godt vi kan. Det fortener både respekt og forståing.

På denne dagen vil vi minne kvarandre om at ingen skal kjenne seg åleine. Fellesskap, støtte og kunnskap betyr mykje. Ei vennleg hand, eit lyttande øyre eller litt meir forståing kan gjere ein stor forskjell.

Til alle som lever med fibromyalgi:
Du er sterkare enn du trur. Du er ikkje «for mykje», ikkje lat, og ikkje åleine. Kroppen din kjempar ein kamp som ikkje alltid er synleg – og det er lov å vere både sliten og stolt samtidig.

Sunnmøre lokallag av Norsk Fibromyalgiforbund sender varme tankar til alle medlemmer, pårørande og støttespelarar i dag. 💜

📢 KAMPANJE PÅ MEDLEMSKAP (i samband med den internasjonale fibromyalgidagen 12. mai)💜 Gjeld i veke 19–20 (4.–17. mai 202...
07/05/2026

📢 KAMPANJE PÅ MEDLEMSKAP (i samband med den internasjonale fibromyalgidagen 12. mai)

💜 Gjeld i veke 19–20 (4.–17. mai 2026)
💜 Arrangert av Sunnmøre lokallag av NFF
💜 Gjeld berre for deg som melder deg inn direkte i lokallaget

💰 Kampanjeprisar:

💜 Hovudmedlem: 200 kr (ordinært 400 kr)
💜 Husstandsmedlem: 100 kr (ordinært 200 kr)
💜 Barne- og ungdomsmedlem (til og med 25 år): 125 kr (ordinært 250 kr)

⚠️ Viktig:
Kampanjeprisen gjeld ikkje ved innmelding via forbundet sentralt eller NFF si nettside – du må ta kontakt med Sunnmøre lokallag lokalt for å få tilbodet.

👍 Medlemskap gir deg:

💜 Fellesskap og støtte
💜 Lokale aktivitetar og møte
💜 Ei organisasjon som jobbar for betre forståing og rettar

📩 Ta kontakt:
Send ei melding til oss her på Facebook, PM på Messenger, eller ta kontakt for meir informasjon og innmelding.

💜 Velkomen som medlem!

04/05/2026

I Norges Fibromyalgi Forbund er vi så heldige å ha fleire engasjerte og dyktige menn som utgjer Mannsutvalget NFF.

Det er framleis ein utbreidd myte at fibromyalgi berre rammar kvinner. Sanninga er at sjukdomen kan råke både kvinner og menn, i alle aldrar. Sidan det er færre menn som får diagnosen, blir tilstanden deira dessverre ofte oversett.

Difor spelar Mannsutvalget ei viktig rolle. Gjennom arbeidet sitt bidreg dei til meir kunnskap og synleggjering. Du kan følgje dei på Facebook for å få eit betre innblikk i kva dei jobbar med.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Tom Helge, som er leiar for Mannsutvalget.

🌿 Bli med på Stikk UT! bedrift 2026 🌿Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgiforbund inviterer alle medlemmer til å bli m...
25/04/2026

🌿 Bli med på Stikk UT! bedrift 2026 🌿

Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgiforbund inviterer alle medlemmer til å bli med på årets StikkUT! 🤩

I år kan du gå turar i heile 156 kommunar – frå Nordkapp til Lindesnes! På Sunnmøre har vi 346 turar fordelt på 15 kommunar, med noko for alle 💚

👉 Tilrettelagde turar
👉 Turar for rullestol og barnevogn
👉 Enkle nærturar og meir krevjande fjellturar

Dette handlar ikkje om fart eller lengde – men om å kome seg ut, kjenne meistring og gjere dørstokkmila litt kortare saman 👫

🥾🥾Har du ingen å gå saman med?
- Vi kjem til å arrangere fellesturar – desse blir lagt ut her på Facebook, så følg med!

💜 Ikkje medlem i fibromyalgiforbundet, men ønskjer å bli ein del av fellesskapet vårt? Bli medlem og meld deg inn her:

https://fibromyalgi.profundo.no/medlem
(Som medlem i NFF blir du automatisk tilknytta eit lokallag og eit fylkeslag i nærleiken av der du bur.)

🎁 Premie:
Vi trekkjer fine premiar blant alle som gjennomfører 12 StikkUT!-turar eller meir i perioden
📅 1. mai – 31. oktober 2026

📲 Slik blir du med:
– Last ned Stikk UT!-appen
– Gå til «MEG»
– Vel «Legg til bedrift»
– Skriv inn koden som du har fått tildelt på e-post

Du kan også legge til familie dersom fleire vil bli med på tur 💜 Familie kan f.eks. vere barn eller barnebarn, ei mamma eller ein pappa, damer eller menn som ikkje er medlemer eller støttemedlemmer .

💬 Har du spørsmål eller innspel? Ta gjerne kontakt!

Vi i styret håpar mange blir med – dette blir kjekt! 🌿

Vil du vere med på ein meiningsfull og hyggeleg temakveld? 💜💜💜💜📆 Onsdag 15. april kl. 18–20 inviterer vi til ein inspire...
13/04/2026

Vil du vere med på ein meiningsfull og hyggeleg temakveld? 💜💜💜💜

📆 Onsdag 15. april kl. 18–20 inviterer vi til ein inspirerande og sosial kveld på 📍Ålesund frivilligsentral.

Vi får besøk av Svein Honningsvåg frå FFO Ålesund og omegn, som deler viktig innsikt om saker som påverkar kvardagen vår – og kva vi kan vere med å påverke.

Det blir kaffi ☕️ noko å bite i 🍪 🍇 og ei kjekk utlodning (ta gjerne med ein liten gevinst om du vil, til maks 40 kroner, men dette er heilt frivillig 😊).

Ta med deg ein ven og kom - vi gler oss til å sjå deg!

Med venleg helsing
Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgiforbund

Vi ønsker alle våre medlemmar og støttespelarar ei roleg og fin påske – fylt med små gode stunder, kvile når kroppen tre...
31/03/2026

Vi ønsker alle våre medlemmar og støttespelarar ei roleg og fin påske – fylt med små gode stunder, kvile når kroppen treng det, og varme augeblinkar som gir energi.

Ta vare på deg sjølv – og hugs at det er heilt lov å gjere påska på din måte.

Varme påskehelsingar frå oss i Sunnmøre lokallag av NFF 🐣💜🐣

Adresse

Hildrestrandvegen 1028
Gurskøy
6272

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund:

Del