24/05/2024
Då tek vi helg i Fiskaa Maskin med senka skuldre etter nok ei vellukka og flott salve i bruddet vårt på Eide, Fiskå💣💯 I meir enn 25° varme, steikande sol, vindstille og i tilsynelatande fredfulle omgivelsar, måtte alle mann sveitte unormalt mykje for lønna i går🌞🥵 Vi sprong, ladda, køyrde og åt is om ein annan ilag med dyktige fagfolk frå Orica i ryggen. Drønnet fekk vi både høyre og kjenne ca kl 19:30 i går kveld. Det var ei salve av ypperste kaliber som gjekk av, og om vi kan sei det utan å være objektive eller steingale, HEILT perfekt💯😇 No ventar herlege dagar med knusing og sortering av kvalitets - pukk, forkiling, grus og singel, som kanskje nettopp du får glede av🤝🪨